Torsdag 28. februar blir det ope møte om villrein og ferdsel på Vågslid.

Møtet startar kl 18.00 i Tyrvelidhallen ved Haukeli skisenter.

Tema for møtet er villrein og ferdsel, med foredrag frå Lena Romtveit og Marianne Singsås frå Norsk Villreinsenter Sør. 

VÅGSLIDOMRÅDET er eit viktig reiselivs- og næringsområde i Vinje kommune, men også eit tidlegare viktig område for villreinens vandringar mellom Setesdalsheiane og Hardangervidda. Dei siste åra har ein fått mykje ny kunnskap om villreinens forhold til menneskeleg ferdsel og -aktivitet. Villreinen er sky og unngår områder med mykjemenneskeleg aktivitet. Dette viser at kanalisering av ferdsel gjennom god planleggingog tilrettelegging av stiar og løyper er vesentleg i områder slik som Vågslid.

Møtet er gratis og ope for alle med interesse for villrein og villreinfjell.l Det vil bli anledning til å stille spørsmål og diskutere i møtet.l Det blir enkel servering av kaffi, te, mineralvatn og noko å bite i.